Påmeldingsprisar Vossaton 23.08.25
Distanse | Innan 28.07 | Innan 22.08 | Etterpåmelding |
5km | kr 150 | kr 170 | kr 200 – seinast kl 11 |
5km (10-18 år) | kr 120 | kr 150 | kr 150 – seinast kl 11 |
Halvmaraton | kr 250 | kr 300 | kr 350 – seinast kl 10.30 |
Barneløp | kr 30 | kr 30 – seinast kl 10.45 |
For dei som ikkje har friidrett sin heilårslisens/forsikring, kjem det i tillegg ein eingongslisens (frå 13 år):
For startkont. frå Kr 50-250: kr 30
For startkont. frå Kr 251-400: kr 40
Rabatt på 5km og halvmaraton, kr 50, for medlemmer i Voss IL.
Rabattkode på heimesida til Voss IL. Sjå Vossaton.
- Kl 11.00: Halvmaraton : Aldersgrense 15 år
Premiering: Det er premiar til dei tre beste tider totalt for kvinner og menn. Ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista. Klassar: 15–17, 18–19, 20–22 år. Senior: 23–34 år. Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.
- Kl 11.10: Barneløp (5-10år) – 500m
- Kl 11.30: 5 km (frå 10 år) for deg som vil gå, jogga eller springa
Premiering: Det er premiar til dei tre beste tider totalt for kvinner og menn – ikkje klassepremiar, men klasseinndeling på resultatlista. Klassinndeling finn du på EQtiming/påmelding. Løyperekord i halvmaraton vert premiert ekstra med kr 1000 og på 5km med kr 500.
Garderobar og toalett: I kjellaren i Voss idrettshall. Inngang på hjørnet i vest i kjellarhøgda. Verdisaker kan leverast inn i sekretariatet.
Utdeling av startnummer: I stemnehuset på idrettsplassen (ved mål). Frå klokka 09.00
Etterpåmelding i stemnehuset frå kl 09.00 til 30 min før start
Start halvmaraton: Start på Gjernes, ca 1,5km frå idrettsplassen. Felles jogg til start frå målområdet kl 10.35.
Klede vert bringa attende til målområdet – får pose til kleda ved utdeling av startnummer.
Kafé: Etter løpet er det gratis, kaffi, saft, bananar og lappar i kaféen i Idrottshuset.
3 drikkestasjonar i halvmaratonløypa; 5,2km, 11,2km, 16,2km og ved mål
Premieutdeling: For 5km ca kl 12.15 – For halvmaraton ca kl 13.00