Me har fått fleire oppmodingar om å endra løypa til Vossaton og leggja ho rundt Vangsvatnet.
Dette vert heilt sikkert ei spektakulær rundløype. Her gjekk og NM i landevegsløp midt på 80-talet.
Vangsvatnet rundt er 22km (og 300m lenger frå idrettsplassen). Starten er derfor lagt til Gjernes, knappe 1.5km frå idrettsplassen. Det vert felles jogg/oppvarming til start.
Nytt av året er eit barneløp som vert arrangert mellom starten på halvmaraton og 5km.